
F.v.: Lars S. Vikør og Lars Moa, Stjørdal mållag.
I 1855 og 1856 trykte folkeopplysningsmannen Ole Vig, som var redaktør av tidsskriftet Den norske Folkeskole, ei alfabetisk liste over danske og innlånte ord i det daverande danske skriftspråket i Noreg med framlegg til norske avløysarar, i stor mon henta frå dei norske dialektane: Opskrift over norske Ord, som kan indføres i Skriftsproget.
Dette er den første kjente fornorskingsordlista, altså ordliste med danske oppslagsord og ekvivalentar på norsk, i tydinga «frå norske dialektar». Dermed var ein viktig sjanger i norsk språkhistorie introdusert."
(Sitat fra: Skrifter nr. 2-2020 av Det Kongelige Norske Videnskabers selskab).
Lars S. Vikør har saman med Dagfinn Rødningen og Dagfinn Worren vore ansvarleg for nr. 2-2020 av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs skriftserie: "Den første fornorskingsordlista. Ole Vigs opskrift over norske Ord, som kan indføres i Skriftsproget".
Lars S. Vikør er professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Vi føler oss heldige som har fått ein slik kapasitet til å komme til Stjørdal i jubileumsåret for å fortelje om denne lite kjente delen av Ole Vig sitt utrulege livsverk.

Arrangementet var et samarbeid mellom Stjørdal mållag og Stjørdal bibliotek og er støttet av Ole Vig 2024.