1800-tals opplysingspioneren Ole Vig var i fleire generasjonar eit kjent og elska namn i dei samfunnslaga her i landet som var opptatt av folkeleg opplysingsspreiing. Da vennene la han i grav 33 år gammal, tre skritt bak Henrik Wergeland, var det ingen tvil om symbolikken.
Arild Bye, forfatteren av boka Folkevennen og kronikken.
Petter Mollerup
Vig budde, arbeidde og samla folk rundt seg på 1850-talet, i det same huset som Wergeland hadde fått bygd for seg og døydde i. I Hjerterum i Pilestrædet forma Vig og den lauselege kretsen kring han om, Wergeland sine idear til praktisk opplysingsstrev. Vig med venner rusta til verdikamp.
Fødselshjelpar for det norske
På den adressa der minna om Wergeland satt levande i veggane, oppstod eit hektisk miljø. Hos Vig kom dei alle innom, ein og ein eller i flokk, dei unge forfattarane Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson, komponisten og folketonesamlaren Ludvig Lindeman, presten og samfunnsforskaren Eilert Sundt, norskspråkforkjemparane Ivar Aasen og Knud Knudsen, journalisten Aasmund Olavsson Vinje, skolemannen Hartvig Nissen og Vig sine gamle studiekameratar frå lærarseminaret i Klæbu, brørne Wexelsen frå Toten og Hougen-brørne frå Vågå.
Vig var eit unikum av arbeidslyst og engasjement. Den første han søkte da han kom til hovudstaden, hovudjakta dit av styret i det nyoppretta «Selskabet for folkeoplysningens fræmme» som redaktør for bladet deira «Folkevennen», hadde vore den noko eldre Ivar Aasen, som hadde etablert seg som dialektforskar og språkforskar i byen, etter å ha reist landet rundt og samla dialektar med midlar frå vitskapsselskapet i Trondhjem. Dei fann saman i tanken om at dansk språk måtte vike for norsk, men skildest i måten det skulle skje på. Vig kom til å ta parti med Knud Knudsen og velje fornorskingsvegen, men meir basert på bygdetalen enn den norske delen av byspråket som Knudsen helte mest imot.
Norge var enno eit land med dansk preg over det meste av språk og kultur, og samfunnseliten – mange slekta attende til Danmark – levde i sin eigen høgkultur, framfor å ta del i den tradisjons-norske som fanst ein stad utanfor byen og nede i folkedjupet. Men det unge, radikale kultur-Norge vende seg nedover og innover, mot det nasjonale, det bonderomantiske og dette kom til å prege landet lenge. Ole Vig gjekk i føringa i denne tida før det nasjonale gjennombrotet, da det var om å sette nytt og få liv i gammalt, i den jorda som skulle bli så full av nye norske, nasjonale vekstar.
Desse dagar er det 200 år sidan denne sjeldsynte mannen vart fødd, på ein husmannsplass i Stjørdalen, 6. februar 1824. Om 200 år er gjerne allting gløymt, for alle minne bleiknar, men i Stjørdal kan ein nesten ikkje seie det slik i høve Ole Vig. Tvert om er han ei merkevare blitt for byen. Den vidaregåande skolen, ein av dei største i Trøndelag, er namnsett etter Vig. «Kimen» kulturhus speler på at Vig sådde sine tankar om ei kulturell og språkleg nyordning i landet. Statuen «Såmannen» står utanfor Rådhuset. Stjørdalingane finn lett på å kalle Ole Vig den største innbyggaren i kommunen gjennom tidene.
For Ole Vig gjaldt om å dyrke fram ein ny æra, slagordet hans var «Liv i Norge». Den kulturelle vårløysinga skulle avløyse hundreår med dansk einevelde, dansk kulturherrevelde og tale, og direktivpolitikk frå «Kjøbenhavn» og den danske trona.

Kunnskap som makt
Bladet «Folkevennen» var Vig sitt viktigaste prosjekt i nokre korte og hektiske år. Han var redaktør frå det tok til å komme ut i 1852, og skreiv mesteparten av stoffet, heilt fram til han døydde seks år seinare, ved utgangen av 1857. Attåt var han om formiddagen lærar på ein guteskole i hovudstaden. Arbeidsbyrda tynga han ikkje. Han må ha likt den. Han hadde mengdevis med idear i sving attåt dei to blada han dreiv og jarn i elden overalt. «Folkevennen» sitt viktigaste mål var at bladet skulle vekke lysta til lesing ute i dei breie folkegruppene, noko som initiativtakarane meinte ville vere med å auke innsikta i samfunnsspørsmål hos dei små og anonyme i samfunnet, til gode for fellesskapen. Vig tenkte på dei som enno på denne tida var utan stemmerett og dermed utan makt og medverknad i samfunnet. Det skal nemnast at ein tanke med denne satsinga frå dei som finansierte Vig sitt blad, nok var å halde nede dei sosialistiske ideane som ulma under Thrane-opprøret, som hadde kulminert i den norske hovudstaden sommaren før Vig kom til Christiania for å ta til i sin nye post, i revoltåret 1851.
På plass i byen skulle Vig gjere veg i opplysingsvellinga og få folket på betre tankar, berre 27 år gammal.
Av livssyn var Vig ein trufast kristen og framståande grundtvigianar. Ein gong fekk han møte sitt forbilde, den omstridde danske prestekjempa Nikolai Grundtvig, under si einaste utanlandsferd som gjekk til den gamle unionshovudstaden. Dit reiste han etter i fleire år å ha studert verka til den mykje eldre Grundtvig. Dei fann tonen, hevda Vig etterpå, etter eit fem timar langt møte. Grundtvig støtta nordmennene i ønsket om å fri seg frå dansk kulturhegemoni. Det måtte bli norsk kultur og språk i Norge, meinte Grundtvig.
Brann sitt lys i begge endar
Korleis kan ein mann som dør før han er 34, nå ein status som den Ole Vig fekk? Henrik Ibsen skreiv hyllingsdikt til gravferda. Bjørnson nemner han med namns nemning i bondefortellinga «En glad gut». Dei norske lærarane la i 150 år årvisst ned krans på Vig si grav 17. mai. Vig sparte seg ikkje. Han arbeidde seg mest ihel. Han dreiv to blad. I tillegg til «Folkevennen» starta han også opp bladet «Den norske Folkeskole», saman med Knud Knudsen. Han var diktar og skreiv populærvitskaplege historiebøker og artiklar. Han skreiv poesi og debatt-bøker, essayistikk ville vi vel kalla det i dag, mykje vend til ungdomen. Han var ordskapar, han laga ei lang fornorskingsordliste som han trykte som føljetong i «Den norske Folkeskole», for at lærarane utover i landet skulle ta dei i bruk. Her følgde han opp Wergeland. «Dreng» var i Norge «gut», «ebbe» var «fjære». Det var ingen «ager» nord for Kattegat, men «aaker». I Norge heitte det ikkje «forår», men «vaar»! (Nyleg er Vig si fornorskingsordliste for første gong trykt opp i si heilheit i eit skrift frå Det Kongelige Norske Vitenskabers Selskab i Trondheim, «Ole Vigs Opskrift over norske Ord, som kan indføres i Skriftsproget).
Attåt redaktørpost, forfattarverksemd og språkfornyingsarbeid var Vig også organisasjonsgründer for lærarane, den sjølvsagte frontfiguren for den første norske lærarorganiseringa. Han strei for å få oppvurdert lærarrolla og heva lønna. Han ville betre kvaliteten på lærarutdanninga og få inn nye fag der og i skolen. Vig ville ha namnet «Folkeskole» på det som var kjent som «allmueskolen». Han var ein omtykt talar den tid han fekk halde på, og ein frykta debattant i Christianias avisverd, eit bynamn han konsekvent omskreiv til Kristiania. Ibsen og Bjørnson såg i Vig ein mann dei kunne akte. Den frilynde folkehøgskolen, den første som vart oppretta var Sagatun på Hamar av Vig-apostelen Olaus Arvesen, reknar Vig som skolens åndelege far.